Lagra dokument automatisk
Dei følgjande to indstillingane er slått på som standard ved nye installasjonar.
Slik lagar du ein reservekopi av ei fil kvar gong du lagrar eit dokument
-
Vel → Last inn/lagra → Generelt.
-
Merk av for Lag alltid ein reservekopi.
Viss du har vald Lag alltid ein reservekopi vert den gamle versjonen av fila lagra i mappa for tryggingskopiar kvar gong du lagrar den gjeldande versjonen av fila.
-
For å endra kvar reservekopiane skal lagrast, vel → Collabora Office → Stiar og skriv inn ein ny sti for reservekopiane.
-
Reservekopien har det same namnet som dokumentet, men har filtypen «.BAK». Vis mappa for reservekopiar inneheld ei fil med dette namnet frå før, vert denne overskrive utan varsel.
For å lagra gjenopprettingsinformasjon kvart n minutt
-
Vel → Last inn/lagra → Generelt.
-
Merk av for Lagra gjenopprettingsinformasjon kvart og vel tidsintervallet du vil bruka.
Denne kommandoen lagrar informasjonen som krevst for å gjenoppretta det gjeldande dokumentet viss programmet krasjar. Viss eit program krasjar, vil Collabora Office også prøva å lagra gjenopprettingsinformasjon for alle opne dokument om det er mogleg.