Brevvegvisar → Brevhovudutforming
Let deg velja elementa som alt er trykt på brevpapiret. Desse elementa vert ikkje skrivne ut og plassen dei tek vert ikkje skrive på.
Vel element som allereie er i brevhovudet på brevpapiret
Logo
Merk av om det alt er ein logo på brevpapiret. Då skriv Collabora Office ikkje ut logoen.
Høgd
Bestemmer høgda på objektet.
Breidd
Bestemmer breidda på objektet.
Avstand til venstremargen
Set avstanden mellom objektet og venstre sidemarg.
Avstand til toppmargen
Set avstand mellom objektet og toppen av sida.
Eige adresse
Merk av om det er ei adresse på brevpapiret frå før. Då skriv Collabora Office ikkje ut adressa.
Returadresse i konvoluttvindauge
Kryss av viss adressa di er trykt frå før med lita skrift over mottakaren si adresse. Då vil ikkje Collabora Office skriva ut adressa med lita skrift.
Botntekst
Merk av om det alt er trykt ein botntekst på på brevpapiret. Då skriv Collabora Office ikkje ut botntekst.
Høgd
Skriv inn høgda på botnteksten som er trykt på brevpapiret. Då skriv ikkje Collabora Office ut noko i botntekst-området.