Hjelp i Collabora Office
Hjelpesidene for Collabora Office vert viste i den nettlesaren du har sett som standard.
Hjelpesystemet for alle programvareversjonane er basert på dei same kjeldefilene. Difor kan nokre av funksjonane som er omtalte i hjelpa mangla i denne versjonen av programmet, medan andre funksjonar som berre finst i ei bestemt utgåve av programmet ikkje er med i hjelp.
Hjelpesider i Collabora Office utvidingane brukar framleis det gamle hjelpsystemet. Dei gamle hjelpesidene er tilgjengelege her.
Eigenskapar for Collabora Office sine hjelpesider
Modulliste
Trykk på nedoverpila like etter ordet «Modul» oppe til venstre på sida for å opna nedtrekkslista og trykk på Collabora Office-modulen for å visa opningssida for hjelp for modulen.
Språklista (berre for hjelp via nettet).
Berre tilgjengeleg i nettversjonen. Vel språket for visinga av den gjeldande hjelpsida.
Hjelpindeks
Hjelpindeksen viser ei liste over nøkkelord for alle Collabora Office-modulane. Trykk på eit nøkkelord i lista for å opna den aktuelle hjelpsida.
Søkja i hjelpindeksen
Skriv inn søkjeordet i tekstvindauget. Søket vert utført medan du skriv.
Søkjeresultata vert viste som ei filtrert liste over treff grupperte etter modulnamn. Resultata tek også med nesten-treff. Dei delane av treffa som passar, er utheva for kvart resultat.
Overskrifta GLOBAL indikerer samsvar med søkjeord som er relevante for fleire Collabora Office-modular. For eksempel gjeld cellegrenser både reknearkceller, tekst- og presentasjonstabellceller og rammer.
Bruk pilsymbola nedst på indekssida for å rulla framover og bakover i indekspostane eller i det filtrerte resultatet.
Innhald – Hovudemna i hjelp
Viser ein indeks over hovudemna i alle modulane.
-
Dobbeltklikk på ei lukka mappe (⊞) for å opna ho og visa undermappene og hjelpesidene.
-
Dobbeltklikk på ei ope mappe (⊟) for å lukka ho og gøyma undermappene og hjelpesidene.
-
Klikk på ei lenkje for å visa den tilhøyrande hjelpsida.
Bruka nettlesaren for Collabora Office-hjelp
Navigera i hjelpesidene
Bruk Tilbake- og Fram-knappane i nettlesaren for å bytte mellom sidene. I dei fleste nettlesarane kan du halda museknappen nede ei stund (eller høgreklikka) når musepeikaren er over Tilbake-knappen for å få fram ei nedtrekksliste over sider som har vore opna tidlegare. Held du musepeikaren over Fram-knappen, får du opp ei liste over sider som er opna etter den gjeldande sida.
Bokmerk hjelpesider
Bruk bokmerke-funksjonen i nettlesaren for å få rask tilgang til relevante hjelpesider. Slik kan du bokmerka ei side i dei fleste nettlesarane:
-
Opna bokmerkemenyen i nettlesaren.
-
Vel Legg til bokmerke eller
Trykk + D i dei fleste nettlesarane.
-
Skriv inn namnet, mappa og eit meiningsfylt merke for bokmerket.
-
Lukk dialogvindauget for bokmerke.
Logg over hjelpesider
Kvar hjelpeside som er opna vert registrert i historikken til nettlesaren. Slik kan du opna historikken:
-
Vel menyen Historikk.
-
Vel Vis historikk.
-
Klikk på ei oppføring i hovudsida for historikken for å opna den tilsvarande hjelpsida.
Kopiera hjelpeinnhaldet til utklippstavla
Du kan kopiera innhald frå hjelpsida til utklippstavla i operativsystemet ved hjelp av dei vanlege kommandoane i operativsystemet. For eksempel:
-
Merk teksten på hjelpesida du vil kopiera.
-
Trykk + C.
I nokre tilfelle kan innhaldet på hjelpesidene kopierast til systemutklippstavla med berre eitt museklikk. I desse tilfella kjem det opp ei infoboble når du held musepeikaren over innhaldet. For eksempel kan denne linja kopierast:
=SUMMER(A1:A10)
Søk på den gjeldande sida
Slik søkjer du i den viste hjelpesida:
-
Opna søkjeverktøyet i nettlesaren din, som til vanleg er tilgjengeleg ved å bruka snarvegen + F.
-
I skrivefeltet Søk etter skriv du inn kva du ønskjer å finna.
-
Vel søkjeinnstillingane som skal brukast.
-
Trykk Enter.
For å finna det førre tilfellet av søkjeteksten på sida, trykk på Pil opp. For å finna den neste, trykk på Pil ned.