Få hjelp
Du kan finna hjelp på Collabora Office-nettstadane.
Du kan finna ei oversikt over dei gjeldande støttetenestene i fila Readme i mappa for Collabora Office.
Hjelpesider på lokale språk
Lokaliseringsprosjekta i Collabora Office tilbyr støttesider på ulike språk. Du kan finna ei oversikt over morsmålsprosjekta på Collabora Office-nettstad . Du kan også finna engelskspråkleg hjelp og støtte på nettstaden til Collabora Office.
E-postlister
Spør om Collabora Office, finn hjelp av frivillige og diskuter emne på dei offentlege postlistene. Du kan finna mange generelle og spesialiserte adresselister på% PRODUCTNAME-nettstaden på www.libreoffice.org .
Forum
Du kan gå inn på nettforum for å spørja og svara på spørsmål om Collabora Office. Vel menyen . (Engelskspråkleg. Finst ikkje forum på norsk).
Tryggleik
Viss du er bekymra for tryggleiken ved å bruka denne programvaren, kan du kontakta utviklarane på den offentlege postlista. Ønskjer du å diskutera spørsmål med andre brukarar, send ein e-post til den offentlege postlista users@libreoffice.org. Alt på engelsk.
Nedlastingar
Du kan lasta ned den nyaste versjonen av Collabora Office frå www.libreoffice.org/download/.
Dokumentasjon
Du kan lasta ned dokumentasjon og rettleiingar i form av handbøker som eit odt- eller PDF-dokument frå Collabora Office sin dokumentasjonsnettstad documentation.libreoffice.org. Du kan også opna dokumentasjonssida (på engelsk) frå menyen .
Delta og gje tilbake
Viss du vil delta aktivt i det verdsomspennande Collabora Office-fellesskapet, så er du hjarteleg velkommen til å gje tilbakemeldingar, diskutera funksjonar, føreslå forbetringar eller bidra med ein artikkel i ofte stilte spørsmål (FAQ), i instruksjonane eller i brukarhandboka. Du kan også laga dine eigen undervisingsvideo osv.
Besøk sida Get involved og følg derifrå dei ulike lenkjene for bidragsytarar.