Nytt dokument
Bruk fana Nytt dokument i dialogvindauget for hyperlenkjer til å setja opp ei hyperlenkje til eit nytt dokument og på same tid oppretta det nye dokumentet.
Nytt dokument
Vel namnet, stien og typen til det nye dokumentet i dette området.
Rediger no
Det nye dokumentet er laga og opna for redigering.
Rediger seinare
Det nye dokumentet er laga men ikkje opna for redigering.
Fil
Skriv inn nettadressa til fila som skal opnast når du klikkar på hyperlenkja.
Vel sti
Opnar dialogvindauget Vel sti der du kan velja ein sti.
Filtype
Bestemmer filtypen for det nye dokumentet.
