Universalt tilgjenge (PDF/UA)
Lagar ei universelt tilgjengeleg PDF-fil som følgjer krava i PDF/UA (ISO 14289).
Spesifikasjonen definerer den strukturen og formateringa som krevst av eit dokument og PDF-funksjonar som er betre eigna for tilgjenge. Denne spesifikasjonen kan også brukast for å laga eit dokument der lever opp til W3C retningslinjer for tilgang til nettinnhald (Web Content Accessibility Guidelines 2.0 (WCAG 2.0)).
Den nåverande implementeringa (januar 2020) kontrollerer dette:
-
Tittelen på dokumentet er sett.
-
Språket for dokumentet er sett, eller alle stilane som er i bruk er sett av språket.
-
Alle bilete, grafikk og OLE-objekt har ein alternativ (alt) tekst eller ein tittel.
-
Tabellar inneheld ikkje delte eller samanslåtte celler.
-
Berre integrert nummerering vert brukt. Ingen manuell nummerering. Skriv såleis ikkje for eksempel «1.» «2.» «3.» i byrjinga av avsnitta.
-
Hyperlenkje-tekstar utan dei underliggjande hyperlenkjene.
-
Kontrasten mellom teksten og bakgrunnen følgjer WCAG-spesifikasjonen.
-
Ingen blinkande tekst.
-
Ingen fotnotar eller sluttnotar.
-
Overskriftnummereringa må auka sekvensielt utan hopp. For eksempel kan du ikkje ha Overskrift 1, Overskrift 3 og inga Overskrift 2.
-
Tekst gjev ikkje noko meir meining med (direkte) formatering.
Du kan kontrollera kompatibiliteten i dokumenttilgjenget før du eksporterer med