Startvisinga
Set innstillingane for korleis den første sida i PDF-fila skal visast i ein ekstern PDF-lesar.
Ruter
Berre side
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser berre sideinnhaldet.
Disposisjon og side
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser berre eit bokmerkje og sideinnhaldet.
Miniatyrbilete og side
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser berre eit miniatyrbilete og sideinnhaldet.
Opna på side
Vel denne for å visa ei bestemt side når lesaren opnar PDF-fila.
Forstørring
Standard
Vel denne for å laga ei PDF-fil som viser sideinnhaldet utan å forstørra det. Viss PDF-lesaren er sett opp til å bruka ei bestemt forstørring som standard, vert sida vist med den forstørringa.
Tilpass til vindauget
Merk av for denne for å laga ei PDF-fil som gjer at sida vert forstørra eller forminska for å passa inn i vindauget til PDF-lesaren.
Tilpass til breidda
Merk av for denne for å laga ei PDF-fil som gjer at sida vert forstørra eller forminska for å passa inn i vindauget til PDF-lesaren.
Tilpass til det synleg området
Merk av for denne for å laga ei PDF-fil der tekst og bilete på sida vert forstørra eller forminska for å passa inn i breidda på vindauget til PDF-lesaren.
Skaleringsfaktor
Vel ei bestemt forstørring som skal brukast når PDF-fila vert opna.
Sideoppsett
Standard
Merk av for denne for å laga ei PDF-fil som viser sidene slik PDF-lesaren er sett opp.
Enkeltside
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser éi side om gongen.
Samanhengande
Vel å laga ei PDF-fil som viser sidene i ei samanhengande loddrett kolonne.
Samanhengande motståande
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som vert vist side om side i ein samanhengande kolonne. Ved meir enn to sider, vert den første sida vist til høgre.
Første sida er ei venstreside
Merk av denne for å laga ei PDF-fil som viser sidene side ved side i ein kontinuerleg kolonne. Er det meir enn to sider, vert den første sida vist til venstre. For at denne skal vera tilgjengeleg, må støtte for kompleks tekstutforming (CTL) vera slått på i «Språk og nasjonale innstillingar → Generelt».
