Skrifter
Bygg inn dokumentskrifter i fila.
Vurder å bruka innebygde skrifter når dokumentet inneheld sjeldne eller tilpassa skrifttypar som til vanleg ikkje er tilgjengelege til bruk på andre datamaskiner.
Skriftinnebyggjing
Bygg inn skrifttypar i dokumentet
Merk denne boksen for å leggja inn innebygde skrifttypar i dokumentet for å vera portabel mellom dei ulike datamaskinene. Alle skrifttypane som er referete til i stilar eller i direkte formatering vert bygde inn, sjølv om stilen ikkje er brukt i dokumentet.
Berre innebygde skrifttypar som er brukte i dokumentet
Merk av i denne boksen for å byggja inn skrifttypar som er brukte i dokumentet utan å ta med dei som ikkje er brukte. Skrifttypane vert tekne med berre dersom dei er brukte i ein brukt stil eller i ei brukt direkte formatering.
Eit dokument med innebygde skrifttypar vert naturleg nok større enn det same dokumentet utan. Fordelen er at mottakaren ser nøyaktig det same dokumentet som du leverte.
Skrifttypar som skal innebyggjast
Latinske, asiatiske og komplekse skrifttypar
Merk riktig skrifttype som skal byggjast inn i dokumentet.
Skriftlisensar kan avgrensa innebygging av skrifttypar i dokument. Skriftfiler innehelder flagg som indikerer om og korleis dei kan byggjast inn i ei dokumentfil. Collabora Office analyserer disse flagga og bestemmer om og korleis dei kan byggjast inn i ei dokumentfil, og når du opnar eit dokument som inneheld innebygde skrifttypar, vil det også sjå på desse flagga for å finna ut om og korleis eit dokument kan visast eller redigerast.