Sjå etter oppdateringar
Du kan sjå etter oppdateringar manuelt eller automatisk.
Når programmet ser etter oppdateringar, vil det også sjå etter oppdateringar for alle installerte utvidingar.
Vel for å søke manuelt.
Du kan slå den automatiske kontrollen av og på i → Collabora Office → Nettoppdatering.
-
Dersom ei oppdatering er tilgjengeleg, vert ikonet
vist på menylinja. Trykk på ikonet for å få opp eit dialogvindauge med meir informasjon.
Du får opp dialogvindauget Sjå etter oppdateringar med informasjon om nettoppdatering av Collabora Office.
-
Aktivere eit Internettsamband for Collabora Office.
Dersom du treng ein mellomtenar (proxy), skriv du inn innstillingane for mellomtenaren i → Internett → Mellomtenar.
-
Vel for å sjå om ein nyare versjon av kontorpakken er tilgjengeleg.
Dersom ein nyare versjon er tilgjengeleg og Collabora Office ikkje er sett opp til å lasta dei ned automatisk, kan du velja ei av desse handlingane:
-
Last ned den nye versjonen.
-
Installer dei nedlasta filene.
-
Avbryt dette søket etter oppdateringar inntil vidare.
Dersom Collabora Office er sett opp til å overføra filene automatisk, byrjar nedlastinga straks. Nedlastinga held fram sjølv om du minimerer dialogvindauget.
Dersom automatisk nedlasting er kopla i frå, må du lasta ned manuelt.
Dersom det ikkje vart funne oppdateringar, kan du lukka dialogvindauget.
Du treng administratorrettar for å oppdatera Collabora Office.