Dialogvindauget for dokument- og avsnittklassifisering
Legg til klassifiseringspolicy til det gjeldande dokumentet eller avsnittet. Dialogvindauget hjelper deg med å setja saman klassifiseringspolicyvilkåra for dokumentet eller avsnittet ved hjelp av førehandsdefinerte klassifiseringsvilkår eller ved å skriva inn sjølvdefinerte klassifiseringsvilkår. Dialogvindauget viser fleire lister med førehandsdefinerte element som vart lasta inn fråBAILS-xml TSCP policy file.
Slå på verktøylinja TSCP-klassifikasjon med og trykk på knappane eller .
Innhald
Tekstboksen Innhald viser klassifiseringsteksten som er laga i dialogvindauget og viser dei klassifiseringsvilkåra som finst for dokumentet eller avsnittet. Du kan leggja til dine eigne termar i tillegg til teksten som finst frå før i boksen og klassifiseringsvilkåra frå oppsettfil for klassifiseringspolicy.
Ikonet halvfeit (berre for dokumentklassifisering)
Bruke halvfeit teiknformatering på dokument- eller avsnittsklassifiseringstermane
Signer avsnittet (berre for avsnittsklassifisering)
Opnar dialogvindauget «Vel sertifikat» der du kan velja kva sertifikat som skal brukast for å signera avsnittet.
Tidlegare brukte
Viser tidlegare brukte klassifiseringsvilkår.
Klassifisering
Denne lista vier dei omsette elementa av «The Business Authorization Identification» og «Labeling Scheme (BAILS)». Standard i Collabora Office er:
Internasjonal
Lister ut dei elementa av «BAILS» som ikkje er omsette. Standard er:
-
Non-Business
-
General Business
-
Confidential
-
Internal use only
Listene «klassifisering» og «internasjonal» er eigenleg dei same listene. Ei endring i éi av listene vert også endra den andre lista.
Markering
Viser ei liste over markeringar som kan leggjast til i tekstboksen «Innhald». Dobbeltklikk på éi oppføring viss du vil leggja ho til i tekstboksen for innhald der markøren er plassert. Markeringane er definerte i oppsettfil for klassifiseringspolicy.
Lisens
Viser lisensar som finst for immaterielle rettar. Dobbeltklikk lisensen for å visa han i tekstboksen Tekstdel nedanfor. Klikk på knappen Legg til for å setja lisensteksten i Innhald-boksen. Lisensane er definerte i lenkja classification policy configuration file.
Delnummer
Viser delnummer som er sett for immaterielle rettar. Dobbeltklikk på delnummeret for å visa det i tekstboksen Tekstdel nedanfor og trykk på knappen Legg til for å setja delnummeret inn i tekstboksen Innhald. Delnummera er definerte i classification policy configuration file.
Tekstdel
Bruk dette feltet for å skriva inn tekst som skal leggjast til i tekstfeltet Innhald.
Legg til
Trykk på denne for å leggja innhaldet i Tekstdel inn i feltet Innhald.
Innstillingane i dialogvindauget «Klassifisering» er ein del av dei sjølvdefinerte dokumenteigenskapane.