Autoformater stilar
Bruk denne kommandoen for å bruka autoformat på eit merkt arkområdetabellområde eller for å definera dine eigne autoformat.
Kommandoen «Autoformater» er berre tilgjengeleg viss det er merkt eit celleområde med minst 3 kolonnar og 3 rader. Elles vert denne kommandoen gråa ut i menyen.
Format
Vel eit førehandsdefinert autoformat som skal brukast på tabellen.
Vel eit førehandsdefinert autoformat som du vil bruka på eit merkt område i reknearket.
Legg til
Legg ein ny tabellstil til lista.
-
Formater ein tabell i dokumentet.
-
Merk tabellen og vel Tabell → Autoformater stilar.
-
Trykk Legg til.
-
Skriv inn eit namn i Legg til AutoFormat og trykk OK.
Gjer at du kan leggja gjeldande formatering brukt på eit område på minst 4 × 4 celler inn i lista over førehandsdefinerte autoformat. Dialogvindauget Legg til autoformat vert deretter vist.
Skriv eit namn og trykk OK.
Slett
Slettar den merkte stilen. Du kan ikkje sletta ein standardstil.
Gje nytt namn
Opnar eit dialogvindauge der du kan endra namnet på det valde autoformatet.
Dialogvindauget Endra namn på autoformat kjem fram. Skriv det nye namnet her.
Formatering
Lister dei tilgjengelege formateringsstilane for tabellar. Trykk på formatet du vil bruka og trykk OK.
Talformat
Tek også med nummereringsformat i den markerte stilen.
Kantlinjer
Tek også med kantstilar i den valde stilen.
Skrifttype
Tek også med skriftformatering i den valde stilen.
Mønsterelement
Tek også med bakgrunnstilar i den valde stilen.
Justering
Tek også med innstillingane for justering i den valde stilen.
Tilpass breidd og høgd automatisk
Når denne er merkt, vil du halda på breidda og høgda til dei valde cellene til det valde formatet.