Hendingar
Knyter makroar til programhendingar. Desse makroane køyrer automatisk kvar gong den valde hendinga vert brukt.
Lagra i
Vel først kor du vil lagra hendingskoplinga, i dette dokumentet eller i Collabora Office.
Ein makro som er lagra med eitt dokument, kan berre køyrast når dette dokument er ope.
Den store listeboksen viser hendingane og dei tildelte makroane. Etter at du har vald ein stad i listeboksen Lagra i, kan du velja ei hending i den store listeboksen og trykkja Tildel makro.
Tildel makro
Opnar dialogvindauget for makroveljaren for å tildela ein makro til den valde hendinga.
Tildel komponent …
Opnar dialogvindauget Tildel komponent for å setja til ein tilpassa UNO-kommando for den valde hendinga.
Føreslår komponenttilordningar for kontrollar i redigeringsprogrammet for dialogvindauge.
Fjern makro
Slettar makro- eller komponenttilordninga for den valde hendinga.