Menyar
Gir deg høve til å tilpassa Collabora Office-menyar for alle modular.
Du kan leggja til merknadar, endra andre merknadar eller endra rekkjefølgja på menyelementa. Du kan også leggja til kommandoar som vert utførte av makroar og bruka alle stiltypane direkte frå menyen.
Søk
Skriv inn ein teiknstreng i innskrivingsfeltet for å avgrensa søk etter kommandoar.
Kategori
Vel menykategori i nedtrekkslista for å avgrensa kommandosøket eller rull ned lista nadanfor. Makroar og stilar er nedst i lista.
Tilgjengelege kommandoar
Viser resultatet av kombinasjonen av søkestrengen og kategorien for den ønskte funksjonen.
Skildring
Tekstboksen viser ein kort omtale av den valde kommandoen.
Virkefelt
Vel kvar menyen skal plasserast. Dersom han vert kopla til ein Collabora Office-modul, vert menyen tilgjengeleg for alle filene som vert opna i den modulen. Vert han kopla til ei fil, vert menyen opna berre når den fila er opna og aktivert.
Mål
Vel menyen som skal tilpassast.
Legg til
Klikk på hamburgarikonet og vel så «Legg til» for å leggja til ein ny meny.
Hamburgarikon
Fjern
Klikk på hamburgarikonet og vel så «Slett» for å sletta verktøylinja.
Du kan berre sletta sjølvvalde menyar og sjølvvalde menyelement.
Tilordna kommandoar
Viser dei kommandoane som vert viste i målmenyen.
Knappen Pil høgre
Trykk på høgrepila for å kopiera den merkte funksjonen i det venstre vindauget over til den valde verktøylinja i det høgre vindauget. Dette vil leggja kommandoen inn i den valde menyen.
Knappen Pil venstre
Klikk på venstrepila for å sletta den merkte kommandoen frå den gjeldande menyen.
Knappane Pil opp og Pil ned
Trykk på oppover- og nedoverpilene heilt til høgre for å flytta den merkte kommandoen oppover eller nedover i lista over kommandoar i menyen.
Du kan dra og sleppa den valde kommandoen og leggja han der du ømskjer.
Tilpassa
Set inn
-
Set inn skiljeteikn: Legg til eit skiljeteikn for å gjera menyen lettare å lesa og for å gruppera elementa etter emne.
-
Set inn undermeny: Set inn ei undermenyoppføring. Skriv inn namnet på menyen i dialogvindauget som kjem opp. Den nye undermenyen vert automatisk tilgjengeleg i menylista slik at du kan redigera han.
Endra
-
Gje nytt namn: Gje oppføringa eit nytt namn.
Standard
Slettar alle tidlegare endringar gjort i menyen.