Fordel utval
Fordeler tre eller fleire objekt jamt langs den vassrette eller loddrette aksen. Du kan også fordela avstanden mellom objekta jamt.
Objekta er fordelte i høve til dei ytste objekta i utvalet.
Vassrett
Vel den vassrette fordelinga av dei merkte objekta.
Vassrett venstre
Fordeler dei merkte objekta jamt utover slik at den venstre kanten på kvart objekt er like langt frå kvarandre.
Vassrett i midten
Fordeler dei merkte objekta jamt utover slik at dei vassrette midtpunkta til kvart objekt er like langt frå kvarandre.
Vassrett avstand
Fordeler dei merkte objekta vassrett slik at avstandane mellom kvart objekt er like lange.
Vassrett høgre
Fordeler dei valde objekta jamt utover slik at dei høgre kantane på kvart objekt er like langt frå kvarandre.
Loddrett
Vel den loddrette fordelinga av dei valde objekta.
Loddrett øvst
Fordeler dei valde objekta jamt utover slik at dei øvre kantane på kvart objekt er like langt frå kvarandre.
Loddrett i midten
Fordeler dei valde objekta slik at dei loddrette midtlinjene til kvart objekt er like langt frå kvarandre.
Loddrett avstand
Fordeler dei merkte objekta loddrett slik at mellomromma mellom kvart objekt er like store.
Loddrett nedst
Fordeler dei merkte objekta slik at dei nedre kantane på kvart objekt er like langt frå kvarandre.