Justering
Bestemmer justeringsvala for innhaldet i den gjeldande cella eller dei gjeldande cellene.
Vassrett
Vel den vassrette justeringa som skal brukast på celleinnhaldet.
Standard
Justerer tal til høgre og tekst til venstre.
Viss Standardinnstillingen er vald, vert tal justerte til høgre og tekst til venstre.
Venstre
Venstrejusterer indhaldet av cella.
Høgre
Høgrejusterer innhaldet av cella.
Midtstilt
Midtstiller innhaldet i cella vassrett.
Justert
Blokkjusterer innhaldet i cella.
Fylt
Gjentek celleinnhaldet (tal og tekst) til det synlege området av cella er fylt. Denne funksjonen verkar ikkje med tekst som inneheld linjeskift.
Fordelt
Justerer innhaldet jamnt over heile cella. I motsetning til Justert, vert også teksten på den siste linja justert.
Innrykk
Innrykket frå den venstre sida vert sett så langt inn som du har bestemt.
Loddrett
Vel den loddrette justeringa som skal brukast på celleinnhaldet.
Standard
Justerer innhaldet i cella til botnen av cella.
Topp
Justerer indhaldet av cella til den øvre kanten av cella.
Botn
Justerer innhaldet i cella mot den nedre kanten av cella.
Midten
Midtstill innhaldet i cella loddrett.
Justert
Justerer celleinnhaldet til øvre og nedre cellekant.
Fordelt
Same som blokkjustert unnateke når tekstretninga er loddrett. Då vert verknaden den same som for vassrett fordelt, dvs. at også den siste linja vert justert.
Tekstretning
Innstillingar for tekstorientering for celleinnhaldet.
Klikk på dreieskiva for å setja tekstretninga.
Grader
Skriv inn vinkelen, frå 0 til 360, som teksten skal roterast i dei merkte cellene.
Referansekant
Vel kva for cellekant den roterte teksten skal skrivast frå.
Tekstutviding frå nedre cellekantlinje
Skriv den roterte teksten frå den nedre cellekanten og utover.
Tekstutviding frå nedre cellekant
Tekstutviding frå øvre cellekant
Skriv den roterte teksten frå øvre cellekant og utover.
Tekstutviding frå øvre cellekant
Tekstutviding inne i celler
Skriv den roterte teksten ine i cella.
Tekstutviding innføre cellekanten
Loddrett stabla
Midtstill tekst loddrett.
Asiatisk utformingsmodus
Denne avkryssingsboksen er tilgjengeleg berre dersom støtte for asiatiske språk er slått på og tekstretninga er sett til loddrett. Justerer asiatiske teikn ovanfrå og ned i merkte celler. Viss cella eller cellene inneheld meir enn ei tekstlinje, vert linjene omforma til tekstkolonnar som vert ordna frå høgre til venstre. Vestlege teikn i den omforma teksten vert roterte 90 grader mot høgre. Asiatiske teikn vert ikkje roterte.
Eigenskapar
Bestemmer tekstflyten i ei celle.
Bryt teksten automatisk
Bryt teksten automatisk til neste linje ved cellekanten. Talet på linjer er avhengig av breidda på cella. Du set inn eit manuelt linjeskift ved å trykkja + Enter i cella.
Orddeling slått på
Slår på orddeling for tekstbryting til neste linje.
Krymp for å passa i cella
Reduserer den synlege storleiken for skrifta, slik at innhaldet i cella får plass med den gjeldande cellebreidda. Du kan ikkje bruka denne kommandoen for ei celle som inneheld linjeskift.