Kategori
Vel ein kategori frå lista. Vel deretter ein formateringsstil i Format-boksen.
Format
Vel korleis innhaldet i skal visast. Koden for den valde innstillinga vert vist i Formatkode.
Listebokser over valutakategoriar
Vel ein valuta og rull opp til toppen av Format-lista for å sjå dei ulike alternativa for den valde valutaen.
Formatkoden til valutaar er på forma [$xxx-nnn], der xxx er valutasymbolet og nnn landskoden. Spesielle banksymbol, som EUR (for Euro), krev ikkje landskode. Valutaformatet er ikkje avhengig av språket som er valt i Språk-boksen.
Språk
Språkinnstillinga sikrar at dato- og valutaformata og desimal- og tusenskiljeteikna vert tekne vare på, sjølv når dokumentet vert opna i eit operativsystem som brukar ei anna språkinnstilling som standard.
Innstillingar
Vel innstillingane for det valde formatet.
Talet på desimalar
Skriv inn kor mange desimalplassar som skal visast.
Nemnarplassar
Med brøkformat, skriv inn kor mange plassar som skal visast for nemnaren.
Innleiande nullar
Skriv inn høgaste talet på nullar som skal visast før desimalteiknet.
Raude negative tal
Endra fargen på negative tal til raudt.
Tusenskiljeteikn
Set inn eit tusenskiljeteikn. Kva skiljeteikn som vert brukt, er avhengig av dei regionale innstillingane.
Teknisk notasjon
Med vitskapleg format vil teknisk notasjon sikra at eksponenten er ein multippel av 3
Formatkode
Viser koden til talformatet for det valde formatet. Du kan også skriva inn eit eige format. Desse alternativa er berre tilgjengelege for sjølvvalde talformat.
Legg til
Legg til koden for talformat du skreiv inn i den sjølvvalde kategorien.
Rediger merknad
Legg til ein merknad til talformatet du har vald.
Slett
Slett talformatet du har merkt. Endringane vert tekne i bruk etter at du har starta Collabora Office på nytt.
Namnelinje
Skriv inn ein merknad for det valde talformatet og klikk på utsida av denne boksen.