Spesialteikn
Gjer at brukaren kan setja inn teikn frå eit område med symbol funne i dei installerte skrifttypane.
Når du klikkar på eit teikn i dialogvindauget Spesialteikn, vert det vist ei førehandsvising av teiknet og den tilhøyrande talkoden.
Søk
Skriv inn UTF-8-namnet eller ein del av namnet på teiknet for å visa UTF-8-teiknet øvst til venstre i rutenettet. Namnet på teiknet kan ikkje omsetjast. Skriv for eksempel inn tilde for å visa ~ og skriv inn latin capital letter O with circumflex for å visa Ô.
Skrift
Vel ei skrift for å visa dei spesialteikna som er knytt til den.
Teiknblokk
Vel ein Unicode-kategori for den gjeldande skrifttypen. Spesialteikna for den valde Unicode-kategorien vert viste i teikntabellen.
Teikntabell
Vel dei spesialteikna du vil setja inn og trykk Set inn.
Tidlegare brukte teikn
Viser spesialteikna som har vore brukte tidlegare.
Favoritteikn
Viser spesialteikna som vart valde med knappen Legg til i favorittar. Du kan lagra opp til 16 spesialteikn som favorittar.
Dobbeltklikk på eit spesialteikn for å setja det inn i dokumentet.