Skaler og vis oppsett
Opnar dialogvindauget Skaler og vis oppsett slik at du kan setja forstørringsfaktoren for visinga av det gjeldande dokumentet.
Den gjeldande forstørringsfaktoren vert vist som ein prosentverdi på glidebrytaren på Statuslinja.
Skalering vert handtert ulikt under Unix, Linux og Windows. For eksempel vert eit dokument som er lagra med skaleringsfaktoren «100 %» i Windows, vist større i Unix og Linux. For å endra skaleringsfaktoren, kan du dobbeltklikka eller høgreklikka prosentverdien på Statuslinja og deretter velja kva skaleringsfaktor du vil bruka.
Skaleringsfaktor
Vel skaleringsfaktor for det gjeldande dokumentet og alle dokumenta av same type som du seinare måtte opna.
Best mogleg
Pass til heile sida
Pass til breidda
Viser heile dokumentbreidda. Det kan henda at toppen og botnen av sida ikkje vert synleg.
100 %
Viser dokumentet i full storleik.
Tilpassa
Her kan du bestemma kor mange prosent av vanleg storleik dokumentet skal visast i. Trykk her og skriv inn ein prosentverdi i boksen.