Spor endringar
Viser ei liste over tilgjengelege kommandoar for å spora endringar i fila.
Registrer endringar
Loggfører alle endringar som er gjort i det gjeldande dokumentet med opplysningar om forfattar og dato.
Vern endringar
Hindrar brukaren i å slå av opptaket av endringar eller frå å godta eller avvisa endringar, utan at brukaren skriv inn eit passord.
Handter
Godta eller avvis lagra endringar.
Kommentar
Skriv inn ein merknad til den registrerte endringa.
Samanlikna dokument
Samanliknar dokumentet med eit anna. Innhaldet i det valde dokumentet vert markert som sletta i dialogvindauget som vert opna. Du kan setja innhaldet i den valde fila inn i det gjeldande dokumentet ved å velja dei sletta elementa som er relevante for deg. Dette vert gjort ved å trykkja Forkast først og så Set inn.
Slå saman dokument
Importerer endringar som er gjort i kopiar av det same dokumentet inn i det originale dokumentet. Endringar som er gjort i botnteksten, toppteksten, rammer og felt vert ignorerte. Like endringar vert fletta automatisk.