Skrivaroppsett
Vel standardskrivar for dokumentet og endra utskriftsalternativa.
Du vil kanskje oppleva litt forseinking når du endrar standardskrivaren for eit dokument som inneheld innebygde Collabora Office OLE-objekt.
Skrivar
Viser informasjonen som gjeld den valde skrivaren.
Viss lista er tom, kan du installera ein standardskrivar for systemet. Sjå i hjelp for operativsystemet om korleis ein installerer og set opp ein standardskrivar.
Namn
Viser ei liste over dei installerte skrivarane på operativsystemet ditt. Vel eit skrivarnamn frå lista for å endra standardskrivar.
Status
Viser status for den valde skrivaren.
Type
Vis kva type skrivar som er vald.
Plassering
Viser porten for den valde skrivaren.
Merknadar
Viser tilleggsinformasjon om skrivaren.
Eigenskapar
Endrar skrivarinnstillingane for operativsystemet for det gjeldande dokumentet.
Sjå etter at liggjande eller ståande retning vald i skrivaroppsettet stemmer med det du har vald i .
Val
Opnar dialogvindauget for Skrivarinnstillingar der du kan overstyra dei globale skrivarinnstillingane sette i panelet → Collabora Office → Skriv ut for det gjeldande dokumentet.
Knappen Innstillingar er berre tilgjengeleg i Collabora Office Writer og Calc.