Generelt
Inneheld grunnleggjande informasjon om fila.
Fil
Viser filnamnet.
Type
Viser filtypen for det gjeldande dokumentet.
Plassering
Viser stien og namnet på mappa der fila er lagra.
Storleik
Viser storleiken på dokumentet i byte.
Oppretta
Viser dato, klokkeslett og forfattar då fila vart lagra første gong.
Endra
Viser dato, klokkeslett og forfattar då fila sist vart lagra i eit Collabora Office-filformat.
Mal
Viser malen som vart brukt for å laga fila.
Digitalt signert
Viser dato og klokkeslett for då fila sist vart digitalt signert og namnet på personen som signerte dokumentet.
Digitale signaturar
Opnar dialogvindauget Digitale signaturar, der du kan handsama digitale signaturar for dokumentet.
Sist skrive ut
Viser dato, klokkeslett og brukarnamn då fila sist vart skriven ut.
Når eit dokument er skrive ut, må det lagrast for å laggja inn data om sist utskrive. Det vert ikkje gjeve noko åtvaring om dette dersom dokumentet vert lukka utan lagring.
Total redigeringstid
Viser kor lenge fila har vore open for redigering sidan fila vart oppretta. Redigeringstida vert oppdatert når du lagrar fila.
Revisjonsnummer
Viser kor mange gongar fila har vorte lagra.
Bruka brukarinformasjon
Lagrar fullt namn på brukaren saman med fila. Du kan endra namnet ved å velja → Collabora Office → Brukarinformasjon.
Tilbakestill eigenskapane
Tilbakestill endringstidspunktet til null, datoen for oppretting av dokumentet til dagens dato og klokkeslett og versjonnummeret til «1». Endrings- og utskriftsdatoane vert også sletta.
Lagra førehandsvisingsbilete med dette dokumentet
Lagrar ein miniatyr i PNG-format inne i dokumentet. Dette biletet kan ved bestemte vilkår verta brukt av filhandsamaren.
Du kan slå av opprettinga av miniatyrar generelt ved å velja . Trykk på knappen og søk etter Generate Thumbnail. Viss denne eigenskapen har verdien true, dobbeltklikk på han for å setja verdien til false.
Føretrekt oppløysing for bilete:
Merk av i denne boksen for å velja den føretrekte biletoppløysninga i punkt per tomme, som vert brukt som standard når eit bilete vert sett inn i eit Writer-, Impress- eller Draw-dokument og endra storleiken på det i høve til verdien i listeboksen.