Innstillingar
Skriv inn tilleggsinnstillingar for etikettane eller visittkorta, også tekstsynkronisering og skrivaroppsett.
Heile sida
Lagar ei full side med etikettar eller visittkort.
Éin etikett
Skriv ut ein enkeltetikett eller eit enkelt visittkort på ei side.
Kolonne
Skriv inn kva kolonne du vil setja etiketten eller visittkortet inn i.
Rad
Skriv inn kva rad du vil setja etiketten eller visittkortet inn i.
Synkroniser innhaldet
Let deg redigera ein etikett eller eit visittkort. Når du trykkjer Synkroniser-knappen vert innhaldet i dei andre etikettane eller visittkorta på sida oppdaterte.
Synkroniser etikettar
Knappen Synkroniser etikettar er berre synleg i dokumentet når du har vald Synkroniser innhaldet på fana Val då du oppretta etikettane eller visittkorta.
Kopierer innhaldet i etiketten eller visittkortet øvst til venstre til dei andre etikettane eller visittkorta på sida.
Skrivar
Viser namnet på den valde skrivaren.
Oppsett
Opnar dialogvindauget Skrivaroppsett.