Format
Vel innstillingar for val av papirformat.
Vassrett avstand
Viser avstanden mellom dei venstre kantane av etikettar eller visittkort som ligg ved sida av kvarandre. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit sjølvvald format.
Loddrett avstand
Viser avstanden mellom dei øvre kantane av etikettar eller visittkort som ligg over kvarandre. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit sjølvvald format.
Breidd
Viser breidda til etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit sjølvvald format.
Høgd
Viser høgda til etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit sjølvvald format.
Venstremarg
Viser avstanden mellom venstre kant på sida og venstre kanten av den første etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit sjølvvald format.
Toppmarg
Viser avstanden mellom toppen av sida og øvre kanten av den første etiketten eller visittkortet. Skriv inn ein verdi her viss du lagar eit sjølvvald format.
Kolonne
Skriv inn kor mange etikettar eller visittkort du vil spenna ut ved sida av kvarandre i breidda på kvar side.
Rader
Skriv inn kor mange etikettar eller visittkort du vil spenna ut over kvarandre i høgda på kvar side.
Sidebreidd
Viser breidda på det valde papirformatet. Viss du definerer eit tilpassa format, skriv inn ein verdi her.
Sidehøgd
Viser høgda på det valde papirformatet. Skriv inn høgda her om du vil velja eit eige papirformat.
Lagra
Lagrar etikett- eller visittkort-formatet.
Lagra etikettformat
Merke
Skriv inn eller vel kva varemerke du vil ha.
Type
Skriv inn eller vel ein etikettype.