Form
Denne menyen inneheld kommandoar for handsaming av formobjekt.
Linje
Du kan skriva tekst på ei linje ved å dobbeltklikka på henne og skriva eller lima inn tekst. Teksten vert skriven i den retninga du teikna linja. Sjølve linja kan gøymast med Usynleg i Linjestil-boksen på verktøylinja Eigenskapar for teikneobjekt.
Rektangel
Teiknar eit fylt rektangel der du dreg med musa i teikninga. Trykk der du vil leggja eit hjørne og drag rektangelet så stort du vil ha det. Du kan halda nede Shift medan du dreg dersom du vil teikna eit kvadrat.
Ellipse
Teiknar ein oval ved å dra musepeikaren inne i dokumentet. Trykk der du vil teikna ovalen og dra han ut i den storleiken du vil ha han. For å teikna ein sirkel, hald nede Shift medan du dreg med musa.
Set inn
Form
Denne undermenyen inneheld vanlege former som linje, sirkel, trekant, kvadrat eller symbolformer som smilefjes, hjarta og blomar som kan setjast inn i dokumentet.
Fordel utval
Fordeler tre eller fleire objekt jamt langs den vassrette eller loddrette aksen. Du kan også fordela avstanden mellom objekta jamt.
Slå saman
Slå saman to eller fleire valde objekt til éin figur. Til skilnad frå gruppering, vil eit samansett objekt ta opp eigenskapane til det objektet som ligg nedst i oppstillingsrekkjefølgja. Du kan dela opp samansette objekt, men objekta vil då ikkje lenger ha dei opphavlege eigenskapane.
Del opp
Del eit samansett objekt opp i enkeltobjekt. Dei nye objekta vil få dei same linje- og fylleigenskapane som det samansette objektet.
Slå saman
Legg området til dei valde objekta til området til det lågaste objektet i utvalet. Denne funksjonen er mest nyttig i samband med overlappande objekt.
Overgangstoning
Lag figurar og fordel dei jamt mellom to teikneobjekt.
Collabora Office teiknar ei rekkje mellomliggjande figurar mellom to valde objekt og grupperer resultatet.
Same breidd
Set breidda på to eller fleire objekt til den same som det sist valde objektet. Same breidd er tilgjengeleg berre når to eller fleire teikneobjekt er valde.
Same høgd
Set høgda på to eller fleire valde objekt til den same som det sist valde objektet. Same høgd er tilgjengeleg berre når to eller fleire teikneobjekt er valde.
Kopla til
Lag ei linje eller ei Bézier-kurve ved å teikna ei linje mellom to eller fleire linjer, Bézier-kurver eller andre objekt. Lukka objekt med fyll vert gjorde om til linjer utan fyll.