Verktøylinjer
Her finn du ei oversikt over verktøylinjene i Collabora Office Draw.
Dette er ei oversikt over standardoppsettet til verktøylinjene i Collabora Office.
Verktøylinja for linje og fyll
Verktøylinja for linje og fyll inneheld funksjonar og val du kan bruka i denne visinga.
Verktøylinje for tabellar
Verktøylinja for tabellar inneheld funksjonane du treng for å arbeida med tabellar. Verktøylinja kjem fram når du flyttar skrivemerket inn i ein tabell.
Rediger punktlinja
Linja Rediger punkt kjem fram når du merkjer ein mangekant og trykkjer påRediger punkt.
Desse funksjonane lèt deg redigera punkta i ei kurve eller eit objekt som er gjort om til ei kurve. Dei følgjande ikona finst:
Fargelinje
Vis eller gøym Fargelinja. For å endra fargepaletten som vert vist, vel Format → Område og gå til fana Fargar.
Statuslinja
Statuslinja viser informasjon om dokumentet og om merkte objekt. Du kan dobbeltklikka på nokre av elementa i statuslinja for å opna eit tilhøyrande dialogvindauge.