Slå saman objekt og laga former
Samanslåtte teikneobjekt oppfører seg som grupperte objekt, med unntak av at du ikkje kan gå inn i gruppa for å redigera enkeltobjekta.
Du kan berre slå saman 2D-objekt.
Slå saman 2D-objekt
-
Vel to eller fleire 2D-objekt.
-
Vel Form → Slå saman.
Til skilnad frå objektgrupper, overtek eit samanslått objekt eigenskapane til det nedste objektet i stabelrekkjefølgja. Du kan dela opp att samanslåtte objekt, men dei opphavlege objekteigenskapane går tapt.
Når du slår saman objekt, dukkar det opp hòl der objekta overlappar kvarandre.

I illustrasjonen er dei samanslåtte objekta til høgre, medan dei som ikkje er slått saman er til venstre.
Laga former
Du kan laga former ved å bruka funksjonane Former → Slå saman, Trekk frå og Snitt på to eller fleire teikneobjekt.
Formfunksjonane verkar berre på 2D-objekt.
Former som vert laga tek over eigenskapane til det nedste objektet i stabelen.
Laga ei form
-
Vel to eller fleire 2D-objekt.
-
Vel Form og éin av desse:
-
Slå saman
-
Trekk frå
-
Snitt.
Formfunksjonar
I dei følgjande illustrasjonane er originalobjekta til venstre og dei endra formene til høgre.
Endra → Former → Slå saman

Legg området til dei valde objekta til i området til det nedste objektet i stabelen.
Endra → Former → Trekk frå

Trekkjer området til dei valde objekta frå området til det nedste objektet i stabelen.
Former → Snitt

Det overlappande området til dei valde objekta dannar ei ny form.
Området utanfor overlappinga vert fjerna.