Setja inn eller endra lag
Set inn eit nytt lag eller endra eit lag i dokumentet. Lag er berre tilgjengelege i Draw, ikkje i Impress.
For å velja eit lag, trykkjer du på fana for laget nedst på arbeidsområdet.
Namn
Skriv inn eit namn på det nye laget. Du kan også endra namnet på eit lag ved å skriva inn det nye namnet.
Desse lagnamna vert brukte internt og kan ikkje endrast: utforming, bakgrunn, bakgrunnsobjekt, kontrollelementmålelinjer.
Laga utforming,kontrollelement og målelinjer er synlege i normalvisinga og svarar til dei førehandsdefinerte laga Utforming,Kontrollelement og Målelinjer.
Laget bakgrunnsobjekt er synleg i hovudvisinga under namnet Bakgrunnsobjekt.
Laget bakgrunn er aldri synleg og er ikkje meint å brukast.
For å endra namn på laget direkte, høgreklikk på lagfana nedst, vel i sprettoppmenyen og skriv inn det nye namnet i fana.
Namn
Skriv inn eit namn for laget.
Skildring
Skriv inn ei skildring av laget.
Lageigenskapar
Set eigenskapane for laget.
Synleg
Vis eller gøym laget.
Kan skrivast ut
Ved utskriving skriv du ut også dette bestemte laget eller ignorerer det.
Låst
Gjer at element i laget ikkje kan endrast.
