Tabellvegvisar → Set typar og format
Spesifiserer feltinformasjonen for dei valde felta.
Valde felt
Merk eit felt for å redigera feltinformasjonen.
−
Fjern det merkte feltet frå listeboksen.
+
Legg til eit nytt datafelt i listeboksen.
Feltinformasjon
Feltnamn
Viser namnet på det merkte datafeltet. Om ønskjeleg kan du skriva inn eit nytt namn på feltet.
Felttype
Vel ein felttype.
Autoverdi
Viss sett til «Ja», vert verdiane for dette datafeltet genererte av databasemotoren.
Krev innskriving
Viss sett til «Ja» må dette feltet ikkje vera tomt.
Lengd
Spesifiserer talet på teikn i datafeltet.
Desimalplassar
Spesifiserer talet på desimalar i datafeltet. Dette valet er berre tilgjengeleg for numeriske felt og desimalfelt.
Standardverdi
Spesifiserer standardverdien for eit «Ja/Nei»-felt.
Auto-auking-uttrykk
Skriv inn SQL-kommandoen som fortel datakjelda at ho automatisk skal auka eit gjeve heiltalsdatafelt. For eksempel vil denne MySQL-setninga bruka «AUTO_INCREMENT»-uttrykket for å auka «id»-feltet kvar gong setninga lagar eit datafelt:
CREATE TABLE "table1" ("id" INTEGER AUTO_INCREMENT)
I dette dette eksempelet må du skriva inn AUTO_INCREMENT i setningsboksen for autoauke.