Fil
Fil-menyen i eit databasevindauge. Berre oppføringar som er spesifikke for databasar vert viste.
Lagra
Lagrar den gjeldande databasefila, spørjinga, skjemaet eller rapporten. For databasefila kjem dialogvindauget fil lagra opp. For dei andre dialogvindauget Lagra.
Lagra som
Lagrar den gjeldande databasefila med eit anna namn. Vel sti og filnamn i dialogvindauget fil lagra
Eksporter
Eksporterer den merkte rapporten eller det merkte skjemaet til eit tekstdokument. Ein dynamisk rapport vert eksportert som ein kopi av databasen på eksporttidspunktet.
Send
Opnar ein undermeny.
E-postdokument
Opnar standardprogrammet for e-post for å senda ein ny e-post. Databasefila vert teke med som eit vedlegg. Du kan skriva inn emne, mottakarane og ein e-posttekst.
Rapport som e-post
Opnar standardprogrammet for e-post for å senda ein ny e-post. Den valde rapporten vert teke med som eit vedlegg. Du kan skriva inn emne, mottakarar og ein e-posttekst. Ein dynamisk rapport vert lagt ved som ein kopi av databaseinnhaldet ved eksporttidspunktet.
Rapport til tekstdokument
Eksporterer den valde rapporten til eit tekstdokument. Ein dynamisk rapport vert eksportert som ein kopi av databaseinnhaldet ved eksporttidspunktet.