Rediger
Rediger-menyen i eit databasevindauge.
Kopier
Kopier det valde objektet til utklippstavla.
Lim inn
Limer inn eit element frå utklippstavla. Du kan lima inn skjema og rapportar, også undermapper, frå ein database til ein annan.
Rediger
Opnar eit vindauge der du kan redigera den valde tabellen, spørjinga, skjemaet eller rapporten.
Slett
Slettar den merkte tabellen, spørjinga, rapporten eller det merkte skjemaet.
Gje nytt namn
Gjev nytt namn til det valde objektet. Avhengig av databasen kan nokre namn, teikn og namnelengder vera ugyldige.
Opna
Opnar det valde objektet slik det sist vart lagra.
Opprett som vising
Gjer om den valde spørjinga til ei vising. Den opphavlege spørjinga vert verande i databasefila og det nye utsnittet vert lagra på databasetenaren. Du må ha skriverettar i databasen for å leggja til ei vising.
Dei fleste databasar brukar spørjingar for å filtrera eller sortera databasetabellar for å visa oppføringar på datamaskinen. Visingar har den same funksjonaliteten som spørjingar, men på tenarsida. Viss databasen din er på ein tenar som støttar visingar, kan du bruka visingar til å filtrera oppføringar på tenaren for å gjera visingstida kortare.
Skjemavegvisar
Opnar skjemavegvisaren for den valde tabellen, spørjinga eller utsnittet.
Rapportvegvisaren
Opnar rapportvegvisaren for den valde tabellen, spørjinga eller utsnittet.
Database
Opnar ein undermeny.
Eigenskapar
Opnar dialogvindauget for databaseeigenskapar.
Tilkoplingstype
Opnar vegvisaren for tilkoplingstype.
Avanserte eigenskapar
Opnar dialogvindauget for avanserte eigenskapar.