ODBC-tilkopling
Spesifiserer innstillingane for ei ODBC-datakjeldetilkopling
Prøv å bruka JDBC-drivar på Solaris- og Linux-platformer i staden for ein ODBC-drivar. Sjå nettsida unix ODBC Project om korleis ODBC kan setjast opp på Solaris og Linux.
Når du koplar til ein Microsoft Access-database i Windows, bør du bruka ADO- eller Acess-databasegrensesnittet i staden for ODBC.
Drivarar til ODBC vert leverte og halde ved like av databaseleverandøren. Collabora Office støttar berre ODBC 3-standarden.
Namnet på ODBC-databasen
Skriv inn namnet på datakjeda som er registrert i Collabora Office.
Bla gjennom
Trykk for å opna eit dialogvindauge der du kan velja ei ODBC-datakjelde.
Vel ei datakjelde
Vel datakjelda som du vil kopla til ved hjelp av ODBC. Trykk deretter .
For å kunna redigera eller leggja til postar til ein databasetabell i Collabora Office, må tabellen ha eit eintydig indeksfelt.