Indeksoppsett
Dialogvindauget Indeksutforming let deg definera og redigera indeksane for den gjeldande tabellen.
Indeksliste
Viser dei tilgjengelege indeksane. Vel ein indeks frå lista for å redigera han. Detaljane for den valde indeksen vert viste til høgre i dialogvindauget.
Ny indeks
Lagar ein ny indeks
Slett den gjeldande indeksen
Slettar den gjeldande indeksen.
Endra namn på den gjeldande indeksen
Gje nytt namn til den gjeldande indeksen.
Lagra den gjeldande indeksen
Lagrar den gjeldande indeksen i datakjelda.
Tilbakestill den gjeldande indeksen
Tilbakestiller den gjeldande indeksen til innstillingane han hadde då dette dialogvindauget vart opna.
Indeksdetaljar
Så snart du endrar ei opplysning i den gjeldande indeksen og vel ein annan indeks, vert forandringane straks sende vidare til datakjelda. Du kan berre gå ut av dialogvindauget eller velja ein annan indeks viss forandringa vart kvittert for av datakjelda. Du kan angra forandringa ved å klikka på ikonet Nullstill gjeldande indeks.
Eintydig
Spesifiserer om den gjeldande indeksen berre skal tillata eintydige verdiar. Kryss av for Eintydig viss du vil hindra dobbeltoppføringar og sikra dataintegritet.
Felt
Dialogvindauget Felt viser ei liste med felt i den gjeldande tabellen. Du kan også velja fleire felt. For å fjerna eit felt frå markeringa, merk det tomme oppføringa ved byrjinga av lista.
Indeksfelt
Viser ei liste med alle felta i den gjeldande tabellen. Du kan velja meir enn eitt felt.
Sorteringsrekkjefølgje
Bestemmer kva sorteringsrekkjefølgje som skal brukast på indeksen.
Lukk
Lukker dialogvindauget.