Tekstformateringslinja
Tekstformatering-linja som vert vist når markøren er i eit tekstobjekt, for eksempel eit skrivefelt eller eit teikneobjekt, inneheld kommandoar for formatering og justering.
Skrifttypenamn
Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.
Du kan skriva inn fleire skrifttypar, skilde med semikolon. Dersom den første skrifttypen ikkje finst, prøver Collabora Office dei neste skrifttypane i rekkjefølgje.
Skriftstorleik
Du kan velja mellom ulike skriftstorleikar frå denne lista, eller du kan skriva inn storleiken manuelt.
Halvfeit
Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.
Kursiv
Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.
Viss tekstmarkøren ikkje er inne i eit ord, og ingen tekst er markert, vert skriftstilen brukt på den nye teksten du skriv inn.
Skriftfarge
Klikk for å bruka den gjeldande skriftfargen på dei merkte teikna. Du kan også klikka her og laga ei markering for å endra tekstfargen. Klikk på pila ved sida av symbolet for å opna verktøylinja for skriftfarge.
Linjeavstand: 1
Brukar enkel linjeavstand i avsnittet. Dette er standardinnstillinga.
Linjeavstand: 1,5
Set halvannan linjeavstand.
Linjeavstand: 2
Set dobbel linjeavstand.
Venstrejustert
Juster avsnittet mot venstre marg.
Midtstilt
Midtstill avsnittet på sida.
Høgrejustert
Juster avsnittet mot høgre marg.
Blokkjustert
Juster avsnittet inntil både høgre og venstre marg.
Heva skrift
Forminskar skriftstorleiken for den markerte teksten og lyfter teksten frå grunnlinja.
Senka skrift
Forminskar skrifta for den markerte teksten og senkar ho under grunnlinja.
Teikn
Endrar skrifta og skriftformateringa til teikna.
Avsnitt
Endrar formatet på det gjeldande avsnittet, som innrykk og justeringar.

