Formateringslinja
Formateringslinja inneheld grunnleggjande funksjonar for å bruka manuell formatering.
Stilar
Vel om dialogvindauget for stilar skal visast eller gøymast. Der kan du også tildela og organisera stilar.
Skrifttypenamn
Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.
Du kan skriva inn fleire skrifttypar, skilde med semikolon. Dersom den første skrifttypen ikkje finst, prøver Collabora Office dei neste skrifttypane i rekkjefølgje.
Skriftstorleik
Du kan velja mellom ulike skriftstorleikar frå denne lista, eller du kan skriva inn storleiken manuelt.
Halvfeit
Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.
Kursiv
Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.
Viss tekstmarkøren ikkje er inne i eit ord, og ingen tekst er markert, vert skriftstilen brukt på den nye teksten du skriv inn.
Skriftfarge
Klikk for å bruka den gjeldande skriftfargen på dei merkte teikna. Du kan også klikka her og laga ei markering for å endra tekstfargen. Klikk på pila ved sida av symbolet for å opna verktøylinja for skriftfarge.
Venstrejustert
Venstrejusterer indhaldet av cella.
Midtstilt vassrett
Midtstiller innhaldet i cella vassrett.
Høgrejustert
Høgrejusterer innhaldet av cella.
Blokkjustert
Blokkjusterer innhaldet i cella.
Talformat: Valuta
Brukar standard valutaformat på dei valde cellene.
Vel Format → Talformat → Valuta.
Talformat: Valuta
KommandoCtrl + Shift + 4
Talformat: Prosent
Brukar prosentformat på dei valde cellene.
Vel Format → Talformat → Prosent.
Talformat: Prosent
KommandoCtrl + Shift + 5
Talformat: Generelt
Brukar standard talformat på dei merkte cellene.
Vel Format → Talformat → Generelt.
Talformat: Generelt
KommandoCtrl + Shift + 6
Talformat: Legg til desimalplassar
Legg til éin desimal til tala i dei valde cellene.
Talformat: Legg til desimalplass
Talformat: Slett desimalplassar
Fjernar éin desimal frå tala i dei valde cellene.
Talformat: Slett desimalplass
Gjer innrykket mindre
Reduserer venstreinnrykket i det gjeldande avsnittet eller celleinnhaldet og set det til førre standard tabulatorsetjing.
Auk innrykket
Aukar venstreinnrykket i det gjeldande avsnittet eller celleinnhaldet og set det til neste standard tabulatorsetjing.
Kantlinjer
Trykk på knappen Kantlinjer for å opna verktøylinja for kantlinjer. Der kan du endra kantlinjene til eit ark eller objekt.
Bakgrunnsfarge
Trykk for å opna ei verktøylinje der du kan velja ein bakgrunnsfarge for eit avsnitt. Fargen kan setjast inn i det gjeldande avsnittet eller i merkte avsnitt.
Toppjustert
Justerer indhaldet av cella til den øvre kanten av cella.
Midtstilt loddrett
Midtstill innhaldet i cella loddrett.
Botnjustert
Justerer innhaldet i cella mot den nedre kanten av cella.
Talformat: Dato
Brukar standard datoformat på dei merkte cellene.
Vel Format → Talformat → Dato.
Talformat: Dato
CKommandoCtrl + Shift + 3
Talformat: Vitskapleg
Brukar standard vitskaplegformat på dei merkte cellene.
Vel Format → Talformat → Vitskapleg.
Talformat: Vitskapleg
KommandoCtrl + Shift + 2
Fleire ikon
Dersom CTL-støtta er på, vert to ekstra ikon synlege.
Høgre til venstre
Teksten som er formateret i eit språk med kompleks tekstutforming vert skrive frå høgre mot venstre.

