Snartastar (tilgjengelege i Collabora Office Calc)
Sjå også snartastlistene til Collabora Office Calc og Collabora Office generelt.
Merkingsmodus for celler
I tekstfelt som har ein knapp for å forminske dialogvindauget, trykk på F2 for å gå inn i merkingsmodus for celler. Vel så mange celler du vil og trykk på F2 for å gjenopprette dialogvindauget.
I merkingsmodus for celler kan du bruka dei vanlege navigeringstastane for å velja celler.
Handsama disposisjonen
Du kan bruka tastaturet i disposisjonen:
-
Trykk på F6 eller Shift + F6 til det loddrette eller vassrette disposisjonsvindauget er i fokus.
-
Tab – gå gjennom alle synlege knappar frå topp til botn eller frå venstre til høgre.
-
Shift + Tab – gå gjennom alle synlege knappar i motsett retning.
-
Kommando +1 til Kommando +8Ctrl + 1 til Ctrl + 8 ‒ vis alle nivåa opp til det gjevne talet, gøym alle høgare nivå.
-
Bruk + og - for å visa eller gøyma disposisjonsgruppa som er i fokus.
-
Trykk på Enter for å bruka knappen som er i fokus.
-
Bruk piltastane Opp, Ned, Venstre eller Høgre for å gå gjennom alle knappane i det gjeldande nivået.
Velja eit teikneobjekt eller eit bilete
-
Vel Vis → Verktøylinjer → Teikning for å opna teiknelinja.
-
Trykk på F6 til teiknelinja er vald.
-
Viss valverktøyet er slått på, trykk Kommando Ctrl + Enter. Dette vel det første teikneobjektet eller den første grafikken i arket.
-
Med KommandoCtrl + F6 set du fokus på dokumentet.
Nå kan du bruka Tab for å velja neste teikneobjekt eller bilete og Shift + Tab for å velja det førre.