Referera til adresser i andre ark
Dersom du for eksempel finn ei nettside som inneheld børsinformasjon i reknearkceller, kan du lasta denne sida inn i Collabora Office Calc ved å gjera slik:
-
Set markøren i ei celle der du vil setja inn eksterne data i eit Collabora Office Calc-dokument.
-
Skriv inn nettadressa for dokumentet eller nettsida i dialogvindauget. Adressa må vera i formatet «http://www.min-bank.no/tabell.html». Adressa til lokale filer eller lokale nettverksfiler er stien som du kan sjå i dialogvindauget .
Collabora Office lastar ned nettsider eller filer «i bakgrunnen», altså utan å vise nedlastinga. I den store nedtrekkslista i dialogvindauget kan du sjå namna på alle arka eller namngjevne område du kan velja frå.
-
Vel eit eller fleire ark eller namngjevne område. Du kan også slå på automatisk oppdatering kvart «n» sekund og trykkja på .
Innhaldet vert set inn som lenkjer i Collabora Office Calc-dokumentet.
-
Lagra reknearket. Når du opnar det igjen seinare, oppdaterer Collabora Office Calc cellene med lenker ved hjelp av ein førespurnad.
-
Under Collabora Office - PreferencesVerktøy → Innstillingar → kan du velja om lenkjene alltid skal oppdaterast ved opninga, oppdaterast på oppmoding eller aldri oppdaterast. Du kan også oppdatera frå dialogvindauget i .