Referera til ei celle i eit anna ark
I ei arkcelle kan du vise referansar til celler i andre ark.
Du kan også referera til celler i andre dokument på same måte dersom dokumentet tidlegare er lagra som ei fil.
Slik refererer du ti ei celle i det same dokumentet
-
Opna eit nytt, tomt rekneark. Som standard har dette berre eitt ark med namnet Ark1. Legg til eit nytt ark ved å trykkja på knappen + til venstre for arkfana nedst på sida. Det får som standard namnet Ark2.
-
Skriv for eksempel inn denne formelen i cella A1 i Tabell1:
=Ark2.A1
-
Klikk på fana Ark2 nedst i reknearket. Set markøren i celle A1 på dette arket og skriv inn ein tekst eller eit tal.
-
Om du nå går tilbake til ark 1, vil du sjå det same innhaldet i celle A1 på dette arket også. Dersom innhaldet i celle Ark2.A1 vert endra, vil innhaldet i Ark1.A1 endra seg tilsvarande.
Når du refererer til eit ark der namnet inneheld mellomrom, må du bruka enkle hermeteikn rundt namnet. 'Ark med mellomrom i namnet'.A1
Eksempelet brukar Calc sin formelsyntaks. Det er også mogleg å bruka Excel A1 eller R1C1 formelsyntaks. Dette er sett opp op Formelalternativ .
Å referera til ei celle i eit anna dokument
-
Vel Fil → Opna for å henta inn eit rekneark.
-
Vel Fil → Ny(tt) for å opna eit nytt rekneark. Set markøren i den cella der du vil setja inn dei eksterne dataa og skriv inn likskapsteiknet som viser at du vil skriva inn ein formel.
-
Bytt til dokumentet du nettopp lasta inn. Trykk på cella med data som du vil setja inn i det nye dokumentet.
-
Bytt tilbake til det nye reknearket. I innskrivingsfeltet kan du nå sjå at Collabora Office Calc har lagt til referansen i formelen for deg.
Referansen til ei celle i eit anna dokument inneheld det fullstendige namnet på det andre dokumentet mellom enkle hermeteiknn ('), deretter hashteiknet # og så namnet på arket til det andre dokumentet, etterfølgd av eit punktum og namnet på eller referansen til cella.
For eksempel, 'file:///C:/Brukar/brukar/Dokument/Prisliste.ods'#$'Informasjon SKU'.H51'file:///home/brukar/Dokument/Prisliste.ods'#$'Informadjon SKU'.H51.
Stien og dokumentnamnet URI må alltid vera omslutta av enkle hermeteikn. Viss det er enkle hermeteikn i namnet, må du setja inn to enkle hermeteikn ('') i staden for det eine (escaping). Arknamn kan ikkje setjast i hermeteikn viss det ikkje inneheld eit mellomrom eller eit teikn som er ein operator, eller at namnet er eit tal, for eksempel så må '123' setjast i hermeteikn.
-
Bekreft formelen ved å trykkja på den grøne haken.
-
Viss du dreg boksen i nedre høgre hjørne av den gjeldande cella for å merkja et område med celler, set Collabora Office automatisk dei tilsvarande referansane i dei tilstøytande cellene. Arknamnet får teiknet «$» framføre seg for å visa at det no er ein absolutt referanse .
Viss du ser på namnet til det andre dokumentet i formelen, kan du sjå at det er skrive som ei adresse (URL). Det betyr at du også kan skriva inn ei internettadresse.