Slå av automatiske endringar

Som standard rettar Collabora Office automatisk opp mange vanlege skrivefeil og set til formatering medan du skriv. Når det skjer, kan du gjera om automatiske endringar med + Z.

Nedanfor vert det forklart korleis du kan slå av og på automatiske endringar i Collabora Office Calc:

Automatisk fullføring av tekst eller tal

Når du fyller inn celler, føreslår Collabora Office Calc automatisk liknande innhald frå same kolonne. Denne funksjonen vert kalla autoinntasting.

For å slå autoinntasting av og på, set eller fjernar du merket framføre Verktøy → Autoinntasting.

Automatisk konvertering til datoformat

Collabora Office Calc konverterer automatisk bestemte innskrivingar til dato. For eksempel kan 1.1 tolkast til å vera 1. januar i det gjeldande året ut frå dei lokale innstillingane i operativsystemet. Innskrivinga vert i så tilfelle vist i det valde datoformatet for cella.

Skriv inn ein apostrof (') først i teksten dersom du vil vera sikker på at det du skriv inn vert tolka som tekst. Apostrofen vert ikkje vist i cella.

Hermeteikna vert byt ut med sjølvvalde hermeteikn

Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting. Gå til fana Lokaliserte val og fjern merkinga for Erstatt.

Celleinnhald byrjar alltid med stor bokstav

Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting. Gå til fana Innstillingar og fjern markeringa for Stor bokstav først i alle setningar.

Bytte ut eit ord med eit anna

Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting. Gå til fana Byt ut. Merk ordparet og trykk på Slett.

Støtt oss!