Vel funksjon
Set inn ein funksjon av eit celleområde i den gjeldande cella. Funksjonen kan vera «Summer», «Gjennomsnitt», «Minimum», «Maksimum» og «Tal på». Klikk i ei celle og så på dette ikonet, vel funksjonen i nedtrekkslista og eventuelt juster celleområdet. Eller merk nokre celler som funksjonsverdien skal setjast inn i og klikk deretter på ikonet. Resultatet av funksjonen vert lagt til nedst i området.
Vel funksjon
Vel funksjon som skal brukast utan eit merkt område
Viss reknearket inneheld data, vil Collabora Office automatisk føreslå eit celleområde. Inneheld celleområdet ein funksjon frå før, kan du kombinera denne med den nye for å laga ein funksjon som skal brukast på området. Viss området inneheld filter, vert delsumfunksjonen sett inn i staden for den valde funksjonen.
Klikk på Godta -ikonet for å bruka formelen som vert vist på innskrivingslinja, eller Avbryt .
Godta
Avbryt
Vel funksjon som skal brukast på eit merkt område
Når det merkte området har to eller fleire rader, vert funksjonen rekna ut for kvar kolonne. Resultata vert sette inn i tomme celler på den første tilgjengelege rada under området, eitt resultat i kvar kolonne.
Når det merkte området har éi rad, vert resultatet av funksjonen sett inn i den første tilgjengelege cella til høgre for det merkte området.