DAGAR
Reknar ut skilnaden mellom to datoverdiar. Returnerer kor mange dagar det er mellom dei to dagane. Kan returnere ein brøkdel av ein dag når argumenta inneheld tidsdelar.
DAGAR(Dato1; Dato2)
Dato_1 er startdatoen, Dato_2 er sluttdatoen. Dersom Dato_2 er ein dato før Dato_1, vert resultatet eit negativt tal.
=DAGAR(IDAG();"01.01.2010")) returnerer talet på dagar frå 1. januar 2010 til i dag.
=DAGAR("1990-10-10";"1980-10-10") returnerer 3652 dagar.
=DAGAR(NO(); IDAG()) returnerer ein (desimal)brøkdel av gjeldande dag.