Innstillingar
Set fleire sorteringsval.
Skil mellom store og små bokstavar
Sorterer først etter store bokstavar og deretter etter små bokstavar. Asiatiske språk krev spesielle metodar.
For asiatiske språk: Kryss av for Skilnad på små og storebokstavar for å ta i bruk fleirnivåtoleranse. Med fleirnivåtoleranse vert elementa først samanlikna i deira primitive former der store bokstavar og aksentar vert ignorerte. Dersom dei vert vurderte til å vera like, vert kriteria rekna med ved den andre samanlikninga. Dersom dei framleis vert rekna som like, vert ulikskapar i storleik, teiknbreidde og japansk kana samalikna i den tredje samanlikninga.
Området inneheld rad-/kolonne-etikettar
Held den første rekkja eller den første kolonnen i markeringa ute frå sorteringa. Innstillinga Retning nedst i dialogvindauget definerer namnet og funksjonen for dette avkryssingsfeltet.
Ta med format
Bevarer celleformateringa.
Aktiver naturleg sortering
Naturleg sortering er ein sorteringsmekanisme der tal som har bokstavar framføre seg vert sorterte etter talverdien i staden for som vanleg frå venstre mot høgre. Dersom me for eksempel har verdiserien A1, A2, A3, A4, A5, A6, ..., A19, A20, A21 vil desse verdiane ved alfanumerisk sortering verta omstokka til A1, A11, A12, A13, ..., A19, A2, A20, A21, A3, A4, A5, ..., A9. Denne sorteringa er teknisk korrekt, men for dei fleste vil det vera feil. Med naturleg sortering vert verdiar som dei i eksempelet sorterte korrekt. Dette er generelt ei forbetring av sorteringssystemet.
Ta med margkolonnar/rader som berre inneheld merknadar.
Margkolonnar for område (for sortering av rader) eller margrader (for sortering av kolonner) i eit sorteringsområde vert ikkje sortert som standard viss dei er tomme. Merk av for dette alternativet viss margkolonnar eller margrader som inneheld merknadar også skal sorterast.
Ta med marg-kolonnar/-rader som berre inneheld bilete.
Margkolonnar (for sortering av rader) eller margrader (for sortering av kolonnar) i eit sorteringsområde vert ikkje sortert som standard viss dei er tomme. Merk av for dette alternativet viss margkolonnar eller margrader som inneheld bilete også skal sorterast.
Kopier sorteringsresultata til:
Kopierer den sorterte lista til det celleområdet du har spesifisert.
Sorteringsresultat (liste over namngjevne område)
Vel eit namngjeve celleområde som den sorterte lista skal visast i.
Sorteringsresultate (innskrivingsfelt)
Skriv inn celleområdet som den sorterte lista skal visast i.
Tilpassa sorteringsrekkjefølgje
Kryss av her for å velja ei tilpassa sorteringsrekkjefølgje.
Tilpassa sorteringsrekkjefølgje
Vel den sjølvvalde sorteringsrekkjefølgja du vil bruka. For å definera rekkjefølgja, vel → .
Språkversjon
Språkversjon
Vel språk for sorteringsreglane.
Innstillingar
Vel ei sorteringsinnstilling for språket. Dersom det er lagt inn ulike sorteringsreglar for det valde språket, kan du her velja mellom desse. For eksempel kan du velja «Telefonbok» for tysk for å ta omsyn til diakritiske teikn (ä, ü osv.) ved sorteringa.
Retning
Ovanfrå og ned (sortér radene)
Sortér radene etter verdiane i dei aktive kolonnane i det merkte området.
Frå venstre til høgre (sortér kolonnane)
Sortér alle kolonnane etter verdiane i dei aktive radene i det merkte området.