Tilleggsfunksjonar, liste over analysfunksjonar, andre dell
Tilleggsfunksjonane er leverte av UNO com.sun.star.sheet.addin.Analysis service.
IMCOS
Returnerer cosinus til eit komplekst tal.
IMCOSH
Returnerer hyperbolsk cosinus for eit komplekst tal.
IMCOT
Returnerer cotangens til eit komplekst tal.
IMCSC
Returnerer cosekanten til eit komplekst tal.
IMCSCH
Returnerer hypebolsk cosekanten til eit komplekst tal.
IMSEKANT
Returnerer sekanten til eit komplekst tal.
IMSECH
Returnerer hypebolsk sekant til eit komplekst tal.
IMSIN
Returnerer sinus til eit komplekst tal.
IMSINH
Returnerer hyperbolsk sinus til eit komplekst tal.
IMTAN
Returnerer tangens til eit komplekst tal.
KONVERTER-funksjonen
Konverterer ein verdi frå ei måleeining til den tilsvarande verdien i ei anna måleeining.
DOBBELFAKULTET (FACTDOUBLE på engelsk)
Returnerer dobbeltfakultetet av eit tal.
DOBBELFAKULTET(Tal)
Returnerer Tal !!, dobbeltfakultetet av Tal, der Tal er eit heiltal større enn eller lik null.
For like tal returnerer DOBBELFAKULTET(n):
2*4*6*8* … *n
For ulike tal vil DOBBELFAKULTET(n) returnere:
1*3*5*7* … *n
DOBBELT.FAKULTET(0) returnerer per definisjon 1.
=DUBBELFAKULTET(5) returnerer 15.
=DUBBELFAKULTET(6) returnerer 48.
=DUBBELFAKULTET(0) returnerer 1.
IMABS (IMABS på engelsk)
Resultatet er absoluttverdien av eit komplekst tal.
IMABS("Komplekst_tal")
komplekst tal er eit komplekst tal skriven inn på forma «x+yi» eller «x+yj».
=IMABS("5+12j") returnerer 13.
IMAGINÆR (IMAGINARY på engelsk)
Resultatet er den imaginære delen av eit komplekst tal.
IMAGINÆRDEL("Komplekst_tal")
=IMAGINÆRDEL("4+3j") returnerer 3.
IMARGUMENT
Resultatet er eit argument (phi-vinkelen) av eit komplekst tal.
IMAGARGUMENT("Komplekst_tal")
=IMAGARGUMENT("3+4j") returnerer 0,927295.
IMDIV
Resultatet er ei deling av to komplekse tal.
IMDIV("Teljar"; "Nemnar")
Teljar, Nemnar er komplekse tal innskrivne i formatet "x+yi" eller "x+yj"
=IMDIV("-238+240i"; "10+24i") returnerer 5+12i.
IMEKSP (IMEXP på engelsk)
Returnerer potensen av e og det komplekse talet. Konstanten e har den tilnærma verdien 2,71828182845904.
IMEKSP("Komplekst_tal")
=IMEKSP("1+j") returnerer 1,47+2,29j (avrunda).
IMKONJUGERT (IMCONJUGATE på engelsk)
Resultatet er den konjugerte komplekse delen av eit komplekst tal.
IMKONJUGERE("Komplekst_tal")
=IMKONJUGERT("1+j") returnerer 1-j.
IMLN (IMLN på engelsk)
Resultatet er den naturlege logaritmen (med grunntalet e) av eit komplekst tal. Konstanten e har den tilnærma verdien 2,71828182845904.
IMLN("Komplekst_tal")
=IMLN("1+j") returnerer 0,35+0,79j (avrunda).
IMLOG10 (IMLOG10 på engelsk)
Resultatet er titalslogaritmen til eit komplekst tal.
IMLOG10("Komplekst_tal")
=IMAGLOG10("1+j") returnerer 0,15+0,34j (avrunda).
IMLOG2 (IMLOG2 på engelsk)
Resultatet er ein binær logaritme av eit komplekst tal.
IMAGLOG2("Komplekst_tal")
=IMLOG2("1+j") returnerer 0,47+2,29j (avrunda).
IMOPPHØG (IMPOWER på engelsk)
Resultatet er det komplekse talet opphøgd i Number potens.
IMOPPHØG("Komplekst_tal"; Potens)
Tal er eksponenten.
=IMOPPHØG("2+3i";2) returnerer -5+12i.
IMPRODUKT (IMPRODUCT på engelsk)
Resultatet er eit produkt av ei mengde av komplekse tal.
IMPRODUKT(kompleks 1[; kompleks 2[; … ;[kompleks 255]]])
=IMPRODUKT("3+4j";"5-3j") returnerer 27+11j.
IMREELL (IMREAL på engelsk)
Resultatet er realdelen av eit komplekst tal.
IMREELL("Komplekst_tal")
=IMREELL("1+3j") returnerer 1.
IMROT (IMSQRT på engelsk)
Resultatet er kvadratrota av eit komplekst tal.
IMROT("Komplekst_tal")
=IMROT("3+4i") returnerer 2+1i.
IMSUB
Resultatet er subtraksjonen av to komplekse tal.
IMSUB("Komplekst_tal_1"; "Komplekst_tal_2")
=IMSUB("13+4j";"5+3j") returnerer 8+j.
IMSUMMER (IMSUM på engelsk)
Resultatet er summen av ei mengde med komplekse tal.
IMSUMMER(kompleks 1[; kompleks 2[; … ;[kompleks 255]]])
=IMSUMMER("13+4j"; "5+3j") returnerer 18+7j.
KOMPLEKS (COMPLEX på engelsk)
Resultatet er eit komplekst tal som er trekt ut frå ein realdel og ein imaginær del.
KOMPLEKS(Realtal; Imaginærtal[; Suffiks])
Realtal er den reelle koeffisienten i det komplekse talet.
Imaginærtal er den imaginære koeffisienten i det komplekse talet.
Suffiks er ei liste med innstillingar, "i" eller "j".
=KOMPLEKS(3; 4; "j") returnerer 3+4j.
OKTTILBIN (OCT2BIN på engelsk)
Resultatet er strengen som representerer binærtalet (base-2) av det oktale talet som er skrive inn.
OKTTILBIN(Tal[; Siffer])
Tal er ein streng som representerer eit oktaltal. Talet kan høgst ha 10 siffer. Den mest signifikante bit er forteiknbiten, resten inneheld verdien. Negative tal vert skrivne inn som tos komplement.
Siffer er kor mange siffer som skal returnerast.
=OCTTILBIN(3;3) returnerer «011».
OKTTILDES
Resultatet er talet som svarar til det oktaltalet som er skrive inn.
OKTTILDES(Tal)
Tal er ein streng som representerer eit oktaltal. Talet kan høgst ha 10 siffer. Den mest signifikante bit er forteiknbiten, resten inneheld verdien. Negative tal vert skrivne inn som tos komplement.
=OKTTILDES("144") returnerer «100».
OKTTILHEKS (OCT2HEX på engelsk)
Resultatet er strengen som representerer det innskrivne oktaltalet i heksadesimal form.
OKTTILHEX(Tal[; Siffer])
Tal er ein streng som representerer eit oktaltal. Talet kan høgst ha 10 siffer. Den mest signifikante bit er forteiknbiten, resten inneheld verdien. Negative tal vert skrivne inn som tos komplement.
Siffer er kor mange siffer som skal returnerast.
=OKTTILHEX("144"; 4) returnerer «0064».