Eksklusive VBA-funksjonar og uttrykk
Collabora Office Basic legg til dette funksjonssettet når støtte for VBA vert slått på.
Desse eksklusive VBA-funksjonane vert slått på når Option VBASupport 1 er sett inn framføre den første makroen i ein Collabora Office Basic-modul.
VBA-uttrykk
Option ClassModule-uttrykket
Viser at modulen er ein klassemodul som inneheld medlemmar, eigenskapar, prosedyrar og funksjonar.
Option VBASupport-uttrykket
Gjer at Collabora Office Basic vil støtte nokre VBA-uttrykk, funksjonar og objekt.
Enum-uttrykk [VBA]
Definer opplistingar eller ikkje-UNO konstante-grupper. Ei opplisting er ei verdiliste som lettar programmeringa og gjer gjennomgang av kodelogikken enklare.
Tekstfunksjonar
InStrRev-funksjonen [VBA]
Returnerer plasseringa av ein streng inne i ein annan streng, rekna frå høgre side av strengen.
Finansielle funksjonar
DDB-funksjonen [VBA]
Reknar ut avskrivinga av ein verdigjenstand for ein bestemt periode ved hjelp av aritmetisk-degressiv avskriving.
FV-funksjonen [VBA]
Returnerer sluttverdien av ei investering ut frå ei periodisk, konstant betaling og ein fast rentesats (sluttverdi).
IPmt-funksjonen [VBA]
Reknar ut den periodiske avskrivinga på ei investering med jamleg betaling og fast rentesats.
NPV-funksjonen [VBA]
Reknar ut noverdien av ei investering ut frå ein bestemt diskontosats og ein serie med innskot og tilbaketrekkingar.
Pmt-funksjonen [VBA]
Reknar ut dei konstante periodiske betalingane for eit lån eller ei investering.
PPmt-funksjonen [VBA]
Returnerer betalingssummen til oppdragsgjevaren for ein gjeven periode ut frå ei periodisk, konstant betaling og ein fast rentesats.
SLN-funksjonen [VBA]
Returnerer den lineære avskrivinga på ein verdigjenstand over ein periode. Storleiken på avskrivinga er fast i avskrivingsperioden.
Dato- og klokkeslettfunksjonar
FormatDateTime-funksjonen [VBA]
Brukar eit dato- og/eller klokkeslettformat på eit datouttrykk og returnerer resultatet som ein streng.
MonthName-funksjonen [VBA]
Funksjonen MonthName returnerer det lokale månadsnamnet for det gjevne månadsnummeret.
I/O-funksjonar
Matematiske funksjonar
FormatPercent [VBA]
Returnerer ein streng med ei talformatering brukt på eit numerisk uttrykk. Det vert lagt til eit prosentteikn i den returnerte strengen.
Partition-funksjonen [VBA]
Returnerer ein streng som viser kvar eit tal finst innføre ein utrekna serie av område.