Option VBASupport-uttrykket

Gjer at Collabora Office Basic vil støtte nokre VBA-uttrykk, funksjonar og objekt.

warning

Dette uttrykket må setjast inn framføre programkoden i ein modul.


note

Støtta for VBA er ikkje fullstendig, men dekker ein stor del av det vanlege bruksmønsteret.


warning

Når støtte for VBA er slått på, vil funksjonsargumenta og returverdiane for Collabora Office Basic vera dei same som i dei tilsvarande VBA-funksjonane. Når denne støtta er slått av, kan funksjonane i Collabora Office Basic ha andre argument og returverdiar enn dei tilsvarande VBA-argumenta.


Syntaks:

Option VBASupport {1|0}

Parametrar:

1: Slå på VBA-støtte i Collabora Office

0: Slå av VBA-støtte

Eksempel:


Option VBASupport 1
Sub ExampleVBA
    Dim sVar As Single
    sVar = Worksheets("Sheet1").Range("A1")
    Print sVar
End Sub

Støtt oss!