CBool-funksjonen
Konverterer eit uttrykk eller ein serie med uttrykk til ein boolsk verdi. Eit uttrykk er sett saman av strengar, tal og operatorar. Samanlikningar, logiske eller matematiske operatorar er tillatne i uttrykk.
CBool (expression As Variant) As Boolean
expression kan vera eit tal eller eit sett kombinerte uttrykk.
Boolsk
expression: Eit logisk uttrykk, ein matematisk formel, eit numerisk uttrykk eller eit sett uttrykk kombinert med operatorar. Ved evalueringa av uttrykk har logiske operatorar forrang over samanlikningsoperatorar, som i sin tur har forrang over matematiske operatorar.
expression kan vera eit tal eller ein matematiske formel. Når det er likt 0, vert False returnert, elles True.
Fleire uttrykk som expr1 [[{operator] expr2]..] kan kombinerast. expr1 og expr2 kan vera kva streng eller numerisk uttrykk som helst som du ønskjer å evaluera. CBool kombinerer uttrykka og returnerer anten True eller False. operator kan vera ein matematisk operator, ein logisk operator eller ein samanlikningsoperator.
I dei neste eksempla evaluerer funksjonen CBool eit logisk uttrykk, ein matematisk formel og verdien som vert returnert av funksjonen Instr. Funksjonen ser etter om bokstaven «a» finst i setninga brukaren skreiv inn.
Sub ExampleCBool
Print CBool( 1>2 Xor 44 ) ' evaluerer til «True»
Print CBool( expression := 15 /2 -7.5 ) ' viser «False» sidan uttrykket er likt 0
txt = InputBox("Skriv inn ei kort setning:")
' Kontrollerer om bokstaven «a» finst i setninga.
' I staden for kommandolinja
' If Instr(Input, "a")<>0 Then...
' vert CBool-funksjonen brukt slik:
If CBool(Instr(txt, "a")) Then
MsgBox "Bokstaven «a» finst i setninga du skreiv inn."
EndIf
End Sub