Køyretidsfunksjonar
Denne bolken forklarar køyretidsfunksjonane i Collabora Office Basic.
Variablar
Dei følgjande uttrykka og funksjonane vert brukte for arbeid med variablar. Du kan bruka desse funksjonane for å definera variablar, konvertera variablar frå ein type til ein annan eller for å definera variabeltypen.
Samanlikningsoperatorar
Samanlikningsoperatorane samanliknar to uttrykk. Resultatet vert returnert som eit logisk uttrykk som viser om samanlikninga er Sann (True, -1) eller Usann (False, 0).
Dato- og klokkeslettfunksjonar
Bruk uttrykka og funksjonane omtalte her for å utføra utrekningar med datoar og klokkeslett.
Numeriske funksjonar
Desse numeriske funksjonane utfører utrekningar. Matematiske og boolske (logiske) operatorar er omtalte i ein eigen bolk. Skilnaden mellom funksjonar og operatorar er at funksjonane tek i mot argument og returnerer eit resultat, medan operatorane returnerer ei kombinering av to numeriske uttrykk.
I/O-funksjonar for skjerm
Dette avsnittet handlar om køyretidsfunksjonar som vert brukte for å visa dialogvindauge for inn- og utskriving av data.
Funksjonar for feilhandsaming
Bruk desse uttrykka og funksjonane for å bestemma korleis Collabora Office Basic skal reagera på køyretidsfeil.
Andre kommandoar
Dette er ei liste over funksjonar og uttrykk som ikkje er tekne med i dei andre kategoriane.