Organisering og plassering av Pythonskript
Collabora Office-makroar er grupperte i modulfiler, modular er normalt grupperte i bibliotekmapper og bibliotek er grupperte i bibliotekbehaldarar, sjølv om behaldarar også kan innehalda modular.
Eit bibliotek vert brukt som ein hovudgruppering for anten ein heil kategori av makroar eller for eit heilt program. Modular deler til vanleg funksjonar, som brukarmedverknad og utrekningar. Individuelle makroar er subrutiner og funksjonar. Figuren nedanfor viser eit eksempel på den hierarkiske strukturen til makrobibliotek i Collabora Office.
Figur: Makrobibliotekhierarki
Behaldarane er tilgjengelege i alle Collabora Office-program gjennom brukargrensesnittet. Gå til for å opna dialogvindauget for Python-makroar.
Tre biblioteksbehaldarar vert viste i lista Makro frå:
-
Mine makroar: personlege makroar tilgjengelege for Collabora Office-brukaren
-
Programmakroar: systemmakroar distribuert med Collabora Office for kvar datamaskinbrukar
-
Dokumentmakroar: kvart dokument kan innehalda makrobibliotek som er tilgjengelege i det dokumentet for alle brukarane
Plasseringa av Pythonskript
Sjå Getting Session Information om korleis du kan få prammeringstilgang til plasseringa av Python-skripta.
Programmakroar
Makroar som er lagt inn her (i behaldaren) vert kopierte av installasjonsprogrammet og er tilgjengeleg for alle brukarane, og alle opne dokument har tilgang til behaldaren. Du må ha administrasjonsrettar for å kunna lagra og redigera makroar lagra her.
Kvar behaldaren er lagra i Collabora Office sitt filsystem er avhengig av operativsystemet.
-
For Windows: {Installation}\share\Scripts\python.
-
For Linux og macOS: {Installation}/share/Scripts/python.
Mine makroar
Denne behaldaren er berre tilgjengeleg for Collabora Office-brukaren. Alle opne dokument har tilgang til makroar som er lagra i behaldaren. Makroane vert lagra i brukarprofilen for Collabora Office-brukaren.
MineMakroar-behaldaren er lagra i brukarstaden som igjen er avhengig av operativsystemet.
-
For Windows,
%APPDATA%\LibreOffice\4\user\Scripts\python. -
For Linux og macOS,
$HOME/.config/libreoffice/4/user/Scripts/python.
Dokumentmakroar
Dokumentmakroar vert lagra i dokumentet, og er tilgjengelege berre når dokumentet er opna.
Bibliotek, modular og makroar
Python-makroar kan organiserast i bibliotek, modular og makroar. Bruk makrobibliotekhierarkiet som ei rettleiing når du lagar eller installerer nye makroar i modulfiler, nye modulfiler i bibliotekmapper eller nye bibliotekmapper i behaldarar.