Collabora Office 22.05 Hjelp
Verktøylinja Punkt og nummerering inneheld funksjonar for å endra strukturen for listeavsnitt, også for å endra rekkjefølgja og listenivået.
Flyttar det merkte avsnittet opp eitt nivå i eit nummererings- eller teikn-hierarki.
Flyttar det merkte avsnittet ned eitt nivå i eit nummererings- eller teikn-hierarki.
Flyttar eit avsnitt med underpunkt opp eitt nivå. Dette er berre synleg når skrivemerket står inni nummerert eller punktmerkt tekst.
Flyttar eit avsnitt med underpunkt ned eitt nivå. Dette er berre synleg når skrivemerket står inni nummerert eller punktmerkt tekst.
Set inn eit avsnitt utan nummerering. Nummerering som finst frå før vert ikkje påverka.
Flytt eit avsnitt med underpunkt til over det førre avsnittet. Dette er berre synleg når skrivemerket står inni nummerert eller punktmerkt tekst.
Flytt eit avsnitt med alle underpunkt til under det neste avsnittet. Dette er berre synleg når skrivemerket står inni nummerert eller punktmerkt tekst.
Byrjar nummereringa av lista på nytt frå 1. Denne kommandoen er berre aktiv når markøren er i ei liste.
Legg nummerering eller punktmerking til det gjeldande avsnittet eller merkte avsnitt og let deg redigera formatet på nummereringa eller punktmerkinga.