Collabora Office 22.05 Hjelp
Ein mal er eit dokument som inneheld visse stilar, bilete, tabellar, objekt og annan informasjon. Ein mal vert brukt som grunnlag for å oppretta andre dokument. Du kan for eksempel laga avsnitts- og teiknstilar i eit dokument, lagra dei som ein mal, og så bruka malen til å oppretta eit nytt dokument med dei same stilane.
Med mindre du oppgjev noko anna, vil alle nye tekstdokument i Collabora Office verta baserte på standardmalen.
Collabora Office har mange førehandsdefinerte malar som du kan bruka for å laga ulike typar tekstdokument, for eksempel forretningsbrev.