Collabora Office 22.05 Hjelp
Bestemmer storleiken og plasseringa av det valde objektet eller den valde ramma på ei side.
Skriv inn breidda på det merkte objektet.
Reknar ut breidda på det valde objektet som ein prosentdel av breidda på tekstområdet.
Bestemmer kva 100 % breidd betyr: anten tekstområdet utan margane eller heile sida, inklusive margane.
Skriv inn høgda på det merkte objektet.
Reknar ut høgda på det valde objektet i prosent av høgda på tekstområdet på sida.
Bestemmer kva 100 % høgd betyr: anten tekstområdet utan margane eller heile sida, inklusive margane.
Tek vare på høgde- og breidde-forholdet når du endrar innstillingane for høgd eller breidd.
Set storleiksinnstillingane for det valde objektet tilbake til dei opphavlege verdiane.
Denne innstillinga er ikkje tilgjengeleg for rammer.
Tilpassar breidda eller høgda på ei ramme automatisk slik at den passar til innhaldet. Viss du vil, kan du velja ei minste høgd eller ei minste breidd for ramma.
Valet Automatisk er berre tilgjengeleg når du har merkt ei ramme.
Vert brukt for å setja vala for forankring av valde objekt eller rammer. Vala for forankring er ikkje tilgjengeleg når du opnar dialogvindauget ved hjelp av stilhandsamaren.
Forankrar utvalet til den gjeldande sida.
Forankrar utvalet til det gjeldande avsnittet.
Forankrar utvalet til eit teikn.
Forankrar utvalet som eit teikn. Høgda på den gjeldane linja vert endra for å passa høgda på utvalet.
Vert brukt for å bestemma kor dei markerte objekta skal plasserast på den gjeldande sida.
Vel vassrett justering for objektet. Dette valet er ikkje tilgjengeleg dersom det er vald «Forankra som teikn».
Skriv inn kor mykje plass det skal vera mellom den venstre kanten av det valde objektet og referansepunktet som er vald i Til. Dette valet er berre tilgjengeleg om du har vald «Frå venstre» i boksen Vassrett.
Vel referansepunktet for den valde vassrette justeringa. Desse vala er tilgjengelege:
Avsnittsområde: objektet er plassert med tanke på hele den tilgjengelege breidda for avsnittet, også innrykka mellomrom.
Avsnittstekstområde: objektet er plassert med tanke på hele den tilgjengelege breidda for tekst i avsnittet, ikkje medrekna innrykka mellomrom.
Venstre avsnittskant: objektet er plassert i høve til breidda på innrykksplassen som er tilgjengeleg til venstre for avsnittet.
Høgre avsnittskant: objektet er plassert i høve til breidda på innrykksplassen som er tilgjengeleg til høgre for avsnittet.
Venstre sidekant: objektet er plassert i høve til plassen som er tilgjengeleg mellom venstre sidekant og venstre avsnittskant.
Høgre sidekant: objektet er plassert i høve til plassen som er tilgjengeleg mellom høgre sidekant og høgre avsnittskant.
Heile sida: objektet vert plassert i forhold til heile breidda på sida, frå venstre til høgre sidekantar.
Sidetekstområde: objektet er plassert i forhold til heile breidd som er tilgjengelig for tekst på sida, frå venstre til høgre sidemargar.
Teikn: objektet er plassert i forhold til det vassrette rommet som er brukt av teiknet.
Ver merksam på at settet med tilgjengelege innstillingar avhenger av ankerinnstillingane. Difor kan det hende at ikkje alle innstillingane som er oppførte ovanfor vert viste på grunn av gjeldande ankerval.
Du kan sjå resultatet av innstillingane for justering i feltet for førehandsvising.
Spegelvender dei gjeldande innstillingane for vassrett justering på partalssider.
Du kan også bruka spegelvendingsfunksjonen i Bilete for å tilpassa utforminga av objekt på oddetals- og partalssider.
Vel loddrett justering for objektet.
Viss du forankrar eit objekt til ei ramme med fast høgd, vil berre justeringsvala «Nederst» og «Midtstilt» vera tilgjengelege.
Skriv inn kor mykje plass det skal vera mellom den øvre kanten på det valde objektet og referansepunktet du valde i Til-boken. Dette valet er berre tilgjengeleg om du har vald «Ovanfrå» eller «Nedanfrå» (som teikn) i ruta Loddrett.
Vel referansepunktet for den valde loddrette justeringa. Desse vala er tilgjengelege:
Marg: Avhengig av forankringstypen, vert objektet plassert i høve til avstanden mellom toppmargen og teiknet («Til-teikn»-forankringa) eller den nedre kanten av avsnittet («Til-avsnitt»-forankringa) der ankeret er plassert.
Avsnittstekstområde: objektet er plassert i høve til høgda på avsnittet der ankeret er plassert.
Heile sida: objektet er plassert i høve til heile sidehøgda, frå øvre til nedre sidekantar.
Sidetekstområde: objektet er plassert i høve til den fulle høgd som er tilgjengeleg for tekst, frå den øvre til den nedre margen.
Teikn: objektet er plassert i høve til det loddrette rommet som er brukt av teiknet.
Tekstlinje: objektet er plassert i høve til høgda på tekstlinja der ankeret er plassert.
Botnlinje: bere tilgjengeleg ved forankring «Som teikn». Denne innstillinga plasserer objektet i høve til botnlinja som alle teikna er plasserte på.
Rad: berre tilgjengeleg ved forankring «Som teikn». Denne innstillinga plasserer objektet i høve til høgda på den rada ankeret er plasserte på.
Held det valde objektet innføre stilgrensene for teksten objektet er forankra til. Ønskjer du å plassera objektet kvar som helst i teksten, må du ikkje bruka dette valet.
Som standard er Hald innføre tekstgrensene vald når du opnar eit dokument som er oppretta i ein versjon av Writer eldre enn OpenOffice.org 2.0. Dette gjeld ikkje når du opprettar eit nytt dokument eller når du opnar eit dokument i Microsoft Word-formatet (*.doc).
Den grøne firkanten står for det valde objektet og den raude firkanten for referansepunktet for justering. Viss du forankrar objektet som eit teikn, vert firkanten som står for referansepunktet endra til ei raud linje.